Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vinne oss fram millom dei faae; me er trygge naar me
gjeng den Vegen Meistaren hev vist oss.
Gudsrike hev me livande i oss fraa den Stundi av,
daa me gjorde Faderens Vilje til vaar Vilje; og med
Gudsrike innantil i oss kann me aldri bli utestengde.
*
Tekst: Fødsla i Betlehem.
–Denne Sogo hjaa Lukas fortel, korleis det gjeng
til naar Menneskjesonen vert fødd. Og han vil lata seg
føde i oss alle.
Menneskjesonen som og er Gudssonen, det er i kvart
Menneskje Barneviljen som er eitt med Viljen aat
Faderen. Og naar den fødest fram, vert Mannahugen
til eit Tempel med Høgtid og Englesong, um han fyrr
aldri so mykje var ein Stall.
— «Dette er den aandelege Meining i Sogo,» sagde
eg. «Og naar me held oss til den, so tarv me vel ikkje
bry oss um, at Mattæus og Lukas fortel kvar sitt um
Fødsla i Betlehem?»
«Nei,» svara Paal. «Me kann taka det rolegt med
det, berre me høyrer Meistaren. Og Meistaren nemner
korkje Betlehem eller Nasaret; men um Ætti si segjer
han eit Ord som me skal merke oss: Bror min, Syster
mi, Mor mi er kvar den som gjer Viljen til Faderen i
Himlom.»
«Me kann daa lata alle vaare Spursmaal i Bibelen
liggje ?» spurde eg. «Som t. D. Skapningssogo ...»
«Eitt Sursmaal er der som vedkjem meg: kva skal
eg gjera at eg kann vinne Live.»
«Eller Sogo um Syndefalle?»
«Syndi er ikkje noko me skal studere; Syndi er det
me skal halde oss ifraa. Gakk burt og synda ikkje
meir! er Jesu Lære um Syndi.»
*
224
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0228.html