- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
225

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tekst: So elska Gud Verdi, at han gav Son sin, den
einborne, so kvar den som trur paa honom ikkje skal
verte fortjona, men hava ævelegt Liv.

— — Hjaa Johannes brukar Jesus andre Ord enn
hjaa hine; men han viser den same Vegen.

At Johannesboki skil seg so ut fraa dei hine
Jesus-sogune kjem av, at ho er skrivi aat Heidningskristne.
Det ser me av mangt, soleis av det at ho set Jødane so
lite høgt; ho læt Samaritanane gaa fyri Jødane. Og det
maatte til, um Heidningane skulde bry seg um ho;
Jødane var ikkje umtykte i Hellas og Rom.

Det er ein serskild Messias ho fører fram au, ein reint
aandeleg Messias; den israelitiske, som skulde leggje
Verdi inn under jødiskt Styre, hadde Heidningfolki ikkje
kunna med. Ein Sanningskonge og Aandskonge vert
Messias; og Guds Son framifraa, Guds einborne er han;
han kjem daa so langt upp fraa den vanlege Verdi, at
det vert det same kvar han er fødd.

Ein slik Messias kunde Jødane au klara betre enn
ein Messias fraa Nasaret. Det hev vori raadlaust for
Judæafolk aa tru, at ein krossfest Galilæar kunde vera
Messias; men vart han Guds einborne, so kom
Gali-læaren meir burt; og daa gjekk det lettare.

Og endaa var det verste att. Sjølve Jesu Ord var
utrulegt.

For Jødar som for Heidningar. Jøden trudde at Gud
var Far for Israel; men at han skulde vera min Far og
din Far, og at han kravde Kjærleik i Staden for Offer,
det var for høg ein Tanke for Jødar flest.

Lite bedre var det med Böde um Næstekjærleik. Det
stod nok i Moselovi; men no hadde det fengi ny Meining;
Næsten var ikkje lenger vaare næraste, vaar eigi Ætt
eller vaart eigi Folk; Næsten var kven-som-helst; kvart
Menneskje me raaka var Bror vaar. Det kunde vera

225

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free