- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
226

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folk som me hata, Folk som me vanvyrde; og det kunde
vera Fiendar, Folk som vilde oss vondt; men elske deim
skulde me; Brørar med deim skulde me vera; me skulde
unne deim likso godt som me unnte oss sjølve; det var
eit umögelegt Krav. For Jødar som for Heidningar.

Men Apostlane visste, at Jesu Bod var Guds Bod.
Og naar Folk ikkje skyna dette, so var der berre ei
Raad: ein maatte faa deim til aa tru det. Men skulde
dei tru Böde, maatte dei tru Bodberaren; og Apostlane
preika Tru.

All deira Tale gjekk ut paa dette: Jesus, Messias
eller Kristus, er den gudvigde og gudsende som me maa
tru paa. Orde hans ser underlegt ut for Verdi, men det
kjem fraa Gud og er Sanning; og det gjer oss sæle,
naar me trur paa det.

Med Tru meinte dei den Trui som fylgjer Jesus; som
gjer det han byd oss; Tru og Liv er eitt. Tru utan
Gjerningar er daud, sagde Jakob; um eg hev Tru so eg
kann flytja Berg, men hev ikkje Kjærleik, so er eg ingin
Ting, sagde Paulus; soleis preika Apostlane Tru.

Dei kunde daa med Sanning segja, at den som trur
vinn Live. Tru er aa gjera Guds Vilje; og den som gjer
Guds Vilje hev Live; han er Barn og trygg hjaa
Faderen; vert ikkje fortjona; kjem ikkje under Domen; er
innkomin i Gudsrike; hev ævelegt Liv.

Med alle nye Ord i Johannessogo og Apostelskriftom:
det er Jesu Fagnadbod som vert forkynt; og fraa sjølve
Himilen tonar Guds Krav: honom skal de høyre!

— Lat oss høyre honom.

*



Tekst: Saddusæane segjer at det ikkje er nokor
Upp-stödu, og ingin Ande eller Engel; men Farisæarane
vedkjenner seg baae dei Ting.

226

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0230.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free