- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
227

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

–Det er slikt dei Skriftkloke slæst um.

Me les mykje um dei Sektine som her er nemnde;
Saddussæarflokken heldt seg strengt til Skrifti; men
Farisæingane hadde teki upp ymse nyare Lærdomar; av
dette vart der Strid, som vanlegt millom Teologar.

Men naar det galdt Meistaren heldt dei ihop. Den
Mannen lika dei ikkje; han preika Guds Bod i Staden
for Teologi; og dei var etter han paa all Vis. Stundom
sette dei ut at han var i Pakt med Beelsebub; andre
Tidir var han ein Etar og ein Vindrikkar; og jamt
gnaala dei um at han heldt Lag med Tollarar og
Syndarar; med Farre og Fant hadde dei her sagt. Attaat
dreiv dei paa og freista han med kloke Spursmaal; kunde
dei faa sett han fast i Skrifti, so vilde kje Folke tru han
lenger, meinte dei; og best var det um dei kunde faa
falsk Lære paa han; daa var han med ein Gong ferdug.

Meistaren svarar paa det dei spyrr um. Stutt og
greidt svarar han, og etter den strengaste rette Læra.
So gjeng han fraa deim.

Han var ikkje send til aa disputere Teologi. Til Folke
var han send, til dei ulærde og ukunnige, til Tollarar
og Syndarar, til alle som trong Hjelp og Rettleiding,
til Levi og Sakkæus og meg og deg; og det han skulde
lære oss var ikkje kloke Spursmaal og Svar; det var
Vegen til Live.

*



Tekst: «Seg at desse tvo Sønine mine maa sitja ein
paa den høgre og ein paa den vinstre Sida aat deg, naar
du kjem i ditt Rike!»

–Snilde Mor til Sebedæus-Sønine, ho vil hava

Gutane sine paa den høge Sess; Herrar yvi Brørane
skal dei vera.

Det er den Haatten som i Verdi raar. Der likar ikkje

227

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free