Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Folk aa vera Tenarar; og skal dei tena maa dei hava
god Løn. Meir likesæle um Løn er dei, naar dei fær
gjera kvarandre vondt; for daa kjenner dei seg Herrar.
Jamvel millom deim som Læresveinar vil vera er
Herrehiigen sterk. Sjølve Jakob og Johannes ligg paa
Kne for Meistaren og bed um Herrehøgd; og Paven vil
vera Herre yvi Herrar og Konge yVi Kongar, um han
aldri so mykje kallar seg Tenar aat Tenarar.
Meistaren lærer oss noko anna. Og det i Gjerning
so vel som i Ord. Han gjekk ikring og gjorde vel imot
alle; han vaska Føtane aat sine eigne Sveinar; og som
eg hev gjort skal de gjera, sagde han. Det lærde Jakob
og Johannes etterkvart; og det maa me au lære.
Men det er ikkje snart lært. Det er ei Lov som snur
Verdi um. Jesus er den største Samfunds-Umveltaren
som hev livt; det var inkje Under at han vart krossfest.
Me kom til aa tala um den gamle Paradis-Tanken.
«Der er meir Sanning i den enn me trur,» sa Paal;
«Paradis hadde me i dei Tidine daa Bror-Tanken raadde.»
«Men Paradis,» heldt han fram, «er enno til; me hev
alle vaar Paradis-Tid.
«I Eden leikar den sæle Barndom.
«Men Barndomen gjeng og Ungdomen kjem. Og
Ungdomen nøgjer seg ikkje med Barnehagen. Ormen
lokkar; Ungdomen feil.
«Men Ormen er ingen Djevel. Det er
Ungdoms-draumen som lokkar og dreg; han segjer: du skal verte
som Gud til aa kjenne godt og vondt; du skal vinne
Verdi. Og han hev Rett: Ungdomen skal lære aa kjenne
godt og vondt; og han skal vinne Verdi. So han sidan
kann vinne yvi ho.
«Ut lyt daa Adam og Eva or Hagen. Ut i den strenge
Livsstrid, som gjenom mange Nederlag skal føre deim
fram til eit nytt Paradis. Sæl den som finn Vegen!
228
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>