Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Fram stemner Ungdomen; fram vil han med sitt. Og
det ydder og brydder og veks og sprengjer paa; det
svell av Liv i Kümar og Knupp; kvart Blad og kvar
Kvist vil fram for seg; Ungdomen er Vaarsevja,
Vokstr-Viljen.
«Alderdomen ser paa Ungdomen og undrast: kann
dette gange vel? Jamn maa Vokstren vera, tenkjer
Alderdomen. Den eine Kvisten og Greini maa vekse som
dei hine, so Trée ikkje vert skeivt; Samvokstr maa der
vera, Samanheng; Alderdomen er Vokstr-Lovi.
«Vokstr-Viljen og Vokstr-Lovi synest vera i Strid.
Ungdomen vil sjaa Framgang; Alderdomen veit, at
Vokstr kann ein ikkje sjaa. So feil dei ut. Den gamle
er for gamall; han vil alt skal staa stilt, segjer
Ungdomen. Den unge er for ung; han ser berre sitt eine,
segjer Alderdomen. Men naar Ungdom og Alderdom slæst,
daa kjenner dei inst inne best, at dei treng einannen.
«Manndomen er Sambande. Den Vaksne arbeider med
Ungdoms Varmhug paa sitt eine, men ser dette eine i
alltid klaarare Samanheng med det andre; hver i sin
Kvist, men kjenner seg i Samvokstr med Grein og Tre;
Vokstr-Krafti som kjenner og godkjenner Vokstr-Lovi,
det er Manndomen.
«Den vaksne minnest Ungdomen og skynar
Alderdomen; Vaksnetidi er Sumaren, daa Vaaren mognast
og rekkjer Hausten Hand. Og naar frisk Ungdom
gjenom sterk Manndom hev naatt sin gode Alderdom,
daa ser Menneskje ut yvi Livsvegen sin og vinn
Klaar-leik. Daa opnast det nye Eden, der Barne Sæle gjeng
saman med Ungdoms Framhug og Manns Stødleik med
Alderdoms Visdom; alt skynar ein daa, og helsar den
komande Vinteren med Ro.
«Og Jesu Svein vinn seg meir og meir inn i det
fullkomne Paradis, Gudsrike.»
15 — Garborg V.
229
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>