Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
m.
Jesus er ein faarleg Mann enno; det er ikkje ofte
eg vaagar meg aat Kvernhusheidi.
Kapellanen hev alt eit Par Gongir spurt etter, um eg
hev fengi Greide paa Kristindomen hans Paal. Eg
svarar, at enno kann eg ikkje anna finne enn at Paal held
seg til Skrifti. Men Kapellanen er ikkje nøgd med det.
«Mormonerne holder sig ogsaa til Skriften,» segjer han;
«Spørgsmaalet er, om man holder sig til Skriften i dens
Sammenhæng.» «Det er ikkje Læresetningar han set
upp,» svarar eg; «han legg fram Kravi til eit kristelegt
Liv; det er det han treng mest til aa minne seg sjølv
um, segjer han. Noko i Trui som skulde vera gali hev
eg enno ikkje fengi Tak paa; men er det der, so kjem
det vel fram ein Gong. Elles,» legg eg til, «gjeng eg
ikkje so ofte paa Møti hans no; der er fleire i
Skulekrinsen som ikkje likar det.» «Ja det bør De tage
Hensyn til,» segjer Kapellanen.
Det verste er at han hev Rett. Ein Tenar er ikkje
fri Mann, minst ein Tenar i det aandelege.
Presten er ikkje heller fri. Ja han er meir bundin enn
eg, av di han hev meir aa fyri svara.
Di meir eg tenkjer paa det, di meir skynar eg, at eg
sjølv laut taka det som Presten, um eg var i hans Stad.
Um ein so berre vil tenkje paa det «jordiske»: skal ein
liva av aa vera Tenar, so maa ein stelle seg so, at ein
hev Tillit hjaa sine Fyrisette; og daa maa ein baade liva
etter Rituale sjølv og sjaa vel etter deim som ein hev
under seg. For Prestane er det verst; det jordiske og
det himilske vev seg so ihop for deim; baade Trui og
Live hjaa sine Undermennar maa dei agte paa; ein
Skulemeistar som tenkjer, han vil vera reint uhugleg
aa hava i Prestegjelde sitt. Helst um han gjev seg til
230
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>