- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aa høyre paa Jesus, som liksom skulde vera Meistar
for Presten au; daa vert alt utrygt. Og daa gjeld det
for Aalvor aa minne um «Skriften i dens Sammenhæng»,
eller um det, at der er fleire i Skrifti aa høyre paa enn
denne eine.

Dei talar um at Trui skal vera fri Sak; Trui vert
ikkje fri Sak utan for eit Faatal. Vanlegt Folk hev ingi
Tru sjølve; dei trur som andre; held seg til den Trui
som er godkjend, den som Folk flest held seg til; og
so maa det vera; der er ikkje Raad med det. Prest eller
Skulemeistar hev daa ikkje anna aa gjera enn aa leggje
fram den aalmenne Trui, Samfundstrui. Hans eigi Tru
fær vera hans Sak; i sitt Arbeid maa han halde seg til
Katekisma eller gaa sin Veg.

Gaa skulde eg for min Part helst vilja, um eg elles er
glad i Skulearbeide mitt. Meir og meir tenkjer eg paa
den Vollen og den Myri som Bror min vil selja meg;
Vilkaari er ikkje urimelege. Og me kunde hjelpast aat,
eg og han, so me greidde oss baae.

Berre den er fri som er sin eigin Mann. Og so kunde
eg halde Bryllaup! — Ingeborg er alltid ung enno, og
vilde gjerne lære noko meir; helst lurer ho paa aa bli
Byfrue au, som snart sagt alle no; men me skulde vel
koma til Lags um den Ting.

Naa. Enno fær eg halde ut med Skulen eit Bil; eg
hev for mykje att av Gjeldi fraa Lærarskulen. Og fekk
Banken for hardt Tak paa meg, so vart eg Træl um eg
var Gardmann au; og paa ein Maate vart det verre: eg
hadde ikkje berre meg sjølv aa svara fyri daa. Paal
røder um, at det skulde vera som i gamle Dagar: at
Jordi høyrde Ætti til, so ein aldri kunde bli drivin fraa
Garden; men daa kunde ein ikkje faa laane Pengar paa
Jordi heller; og so stod ein der. — So her høver nok
ikkje hans bibelske Tankar.

»

231

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0235.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free