Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paal er Arbeidsmann paa sin eigin gamle Gard no inn
Dagen.
«Tolvgards»-Per eldest. Og Sønine hans er spreidde
som vanlegt i denne Tid; ein er i Byen, og ein til Sjøs,
og tvo i Amerika; men den eldste styrer Aase,
Farsgarden.
Med Midelen minkar det. Serleg den Sonen som er i
Byen hev vori Far sin dyr; han driv med Handel, men
hev drivi det so, at den eine etter den andre av dei
«tolv Gardane» aat Far hans hev loti springe. Og no
er det daa vel ikkje so greidt.
Det som veks er Utgiftine. Ikkje minst dyrnar
Arbeidshjelpi. So hev daa Per funni Vegen til
Kvern-husheidi, han som andre. Det kann ikkje ha falli lett
for det gamle Gudsbarne aa brjote seg so smaa. Men
Paal er god Arbeidskar og attaat billeg; treng ikkje
mykje og tek berre det han treng, «handlar ikkje med
si Arbeidskraft», som han segjer; og sin Bate skynar
Tolvgards-Per. Paal paa si Side vilde gjerne faa gamall
Uhugnad nedsona, so han kunde «koma heim att» ender
og Gong; han var lettbedin som han plar vera. Og so
hev det laga seg.
Det lagar seg alt for han Paal, av di han tek det med
det gode. Lesarane hev nok drivi paa og fordømt han.
Men meir og meir viste det seg, at det ikkje hadde
«legi noko attum», den Gongen han skilde Lag med
deim. Gaava hans til dei fatige kjem visst au vel med.
Og det som verre er: han svarar paa vondt med godt;
er deim til Hjelp naar han kann. Og aa svara paa godt
med vondt vil vel ikkje falle seg i Lengdi for dei heilage
heller. Det hev daa stilna med Staake etterkvart; dei
gamle Domane um Farisæaren i Kvernhusheidi høyrer
ein mindre til, og minst her i Bygdi. «No hev eg heller
for lite Motgang enn for mykje,» segjer Paal.
232
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>