Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
so som nok best var. Og takksam maa eg vera for so
trugne Vénir.»
Eg saag at det var best aa koma innpaa eitkvart
anna no; han vert so stur i Augo Paal, naar han
minnest denne myrke Tidi. «Tenkte han ikkje paa
Stor-thinge ein Gong, Lensmannen?» spurde eg.
«Det veit eg ikkje,» svara Paal; «den Gongen vilde
han havt meg paa Thinge. Han so vel som Lars
Nord-braut og dei, um elles paa andre Grunnar: eg maatte
kunna føre Bondesaki fram, meinte han. Det kom reint
paa Tverke for Jens, daa eg ikkje kunde vera med paa
dette.»
«Det var Sakførar Rabbe som vart vald i Staden?»
«Nei; han kom sidan. Fyrst valde dei inn Presten
Braut. Han var daa au Bonde paa ei Vis.»
«Ja-ja,» sagde eg; «dei høver vel ikkje verst, dei tvo:
den eine halvt vinstre og den andre halvt høgre?»
«Dei greider det betre enn eg hadde gjort,» svara
Paal; «men den Dagen kann nok koma, daa Jens Eide
bør paa Thinge.»
Bygdi driv paa med sitt: Paal skal bli Herre paa Hove
att. Gunnar hev lati Lensmannen setja up eit
Testament, segjer dei; og det gjer Paal til Erving etter
Gunnar, paa Vilkaar av at han gifter seg og kauper att
Farsgarden. Og vil han ikkje det, so skal Einar,
Syster-son hans, faa Pengane, um han vil taka Hove.
Men at dette er Drøs og Dikt er Gudleik stød paa;
og han kjenner Paal. Hev fylgt han i alle Aar som ein
Svein fylgjer Meistaren. Og Gudleik kann ein tru paa;
han segjer ikkje anna enn han veit.
Stillfarande hev han visst alltid vori. Men det stille
Lage fekk reint Magti daa han misste Evelinde; henne
hev han vori svært glad i.
234
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>