- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
235

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men korleis det kann ha vori med henne?

Dei livde godt ihop. Og det Orde som ein Gong hadde
vori uppe um henne og Paal døydde snart av att. Lengi
fekk ikkje Gudleik hava henne; ho døydde paa
Barnseng eit Aars Tid etter Bryllaupe; og anna enn godt
var aldri aa høyre etter Evelinde.

Men dermed er det ikkje sagt at alt var greidt.

— «Paal gifter seg vel ikkje no, so vidt upp i Aari
komin som han er?» spurde eg.

«Paal gifter seg ikkje,» svara Gudleik.
«Minne um Helga er kannhende au i Vegen?»

«Ja; han hev endaa fengi Bod fraa Helga.»

«Bod, segjer du?»

Gudleik tagde eit Grand. So riste han paa Hovude;
«dette skulde eg ikkje sagt.»

«Du kann vera trygg; det skal ikkje koma lenger.
Men Bode du nemnde —?»

«Ja naar eg hev sagt so mykje —. Det var so, at daa
Evelinde laag paa det siste, daa saag ho Helga Höve
ein Gong.»

«Saag henne?»

«Ho stod fram-fyre Sengi hennar ei Natt; Evelinde
saag henne tydeleg.»

«Det var eit Bod ho kom med?»

«Det var det. Ho visste det no, at ho hadde misteki
seg hin Gongen; og det skulde Evelinde segja han. Det
ligg paa meg som ei Tyngd, sa ho, alt til dess han fær
vita det. Og so skulde Evelinde segja han ein Ting til.
Han maatte ikkje gifte seg att, um han vilde hava sin
Sjælefred, skulde ho segja.»

«Aa? — Og Evelinde fekk sagt Paal det?»

«Ja; me sende Bod etter han Morgonen etter; og ho
sagde han det, daa han kom.»

«Svara han noko paa det?»

235

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0239.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free