Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Han bad henne takke Helga for Bode; det var det
Böde eg turvte mest, sa han. Og for det andre kann ho
vera trygg, sa han; eg er aaleine og vert verande
aaleine. Eg saag paa Augo hennar kor glad ho
vart.»
«Det er merkelegt. Hadde ho elles noko aa segja Paal
paa det siste?»
«Nei. Ho sagde berre det, at ’eg hev vori lydig’, sagde
ho. Og det sagde ho fleire Gongir. Han tala for henne
so vent, at eg aldri hev høyrt noko Menneskje tala so
vent; og ho vart ljos som ein Guds Engel og sagde
berre dette eine: «eg hev... vori lydig»; Gudleik vart
ustød i Mæle og vende Hovude burt.
«Ho var aldri med i Kvernhusheidi, Evelinde, — i sine
friske Dagar?» spurde eg.
«Nei; han hadde forbodi henne det. Men naar eg
hadde vori der, so maatte eg segja henne kva det var
for eit Stykke i Testamente Læraren hadde lesi; ’for
naar eg les det, so er det som eg hev vori med paa ein
Maate likevel,’ sa ho.»
Ei Stund etter lagde han til:
«Dei sagde Paal skulde ha tenkt paa Evelinde. Og
det i den Tid daa Helga livde endaa-til. Haa, haa; dei
kjenner ikkje Paal. Den Kvelden daa dette med Helga
hende, veit du, — ja; det var meg, Paal tala til Evelinde
um den Kvelden; og det hadde Helga, Stakkar, mishøyrt.
Og ho var ikkje frisk i den Tid, Helga; ho tok seg galne
Tankar av alt. Og den Kvelden skulde det ikkje meir
til enn eit mishøyrt Ord, fyrr det verste kunde hende.
Gud hjelpe oss alle so sant!» —
— So heng det ihop, kannhende. Det hev ikkje vori
berre sjuk Draum, naar Helga trudde ho stod imillom.
Og ein Dag hev Paal sjølv kjent at han ikkje var heilt
utan Skuld. So hev han sagt til Evelinde: tak Gudleik;
236
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>