Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
me maa ikkje sjaa kvarandre meir. Og ho var lydig til
Dauden.
Heng det so ihop, so skynar eg at Paal likso gjerne
hadde teki ein Dom; tungt hev det vori aa bera den
Byrdi so reint aaleine.
*
Tekst: Syt ikkje for dykkar Liv, kva de skal eta og
kva de skal drikke ...
–Syt ikkje, segjer Meistaren. Ofte kann det sjaa
smaatt ut; men Fader-Rikdomen hev me aa stole paa;
og den tryt ikkje; den veks æveleg fram att paa nytt.
Sjaa paa Blomane; dei spinn ikkje og vev ikkje, men
er venare klædde enn Kong Salomon; og sjaa paa
Fuglane; dei saar ikkje og haustar ikkje, men Faderen
føder deim; og me er meir enn baade Fugl og Blom;
kvi skulde daa me syte?
Me skal tru og vera glade som Fuglen. Men ikkje
late skal me vera; me skal lære av Fugl og Blom i det
Stykke au. Blomen syg Næring av Mold og Aur og
strævar Dagen lang; Fuglen flakkar og flyg fraa Soli
renn etter Mat aat sine og seg; me au skal stræve og
vera um oss. Men me skal ikkje syte; me skal liva etter
Guds Ord og nøgje oss med det me treng; er me onnuge
og smaanøgde som Fugl og Blom, so vil Faderen føde
oss som han føder deim; det kann me stole trygt paa.
Heidningane syter; og dei syter jamt; er dei fatige,
syter dei og svelt; er dei rike, syter dei og for-ét seg.
Og ét upp for kvarandre, og snyter og stel fraa
kvarandre, og er æveleg utrygge. Dei veit, at kor mykje dei
samlar, so vert det Ende paa alt; men dei fatige hermer
etter dei rike so langt dei rekk; sidan lid dei Naud, eller
freistar aa taka seg til Rettes.
Sut og Ufred hev Verdi stødt, med alle sine Matberg
237
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0241.html