- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
238

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og Gullhaugar. Og Ufreden varer og veks; og Rike etter
Rike sig i Jord, alt til dess Verdi ein Dag lærer aa
bøygje seg for Guds-Lovi.

*



Tekst: Heidra Far din og Mor di!

–Med dette Böde fylgjer ein Lovnad; der er
liksom sett Strik under det; vil eit Folk liva lengi og vel,
so maa det gjeva serskilt Gaum etter Bode um
Ætte-samanheng.

I Jesu Tid hadde dei Skriftlærde gjort det til inkjes
for si Fyrisetning Skuld; ein Son kunde gjeva Temple
det Foreldri skulde hava, og gjorde daa ei god Gjerning.
Men Meistaren minner deim um, at Guds Bod er yvi
Menneskjeböd. Dette høyrer dei ikkje paa; og snart
maa han daa felle Domen: Huse deira skal øydast for
deim. Misser Heimen si Magt i eit Folk, so hev Folke
dermed dømt seg heimlaust.

I vaare Dagar stend det knapt betre til. Foreldri vert
meir og meir avsette; ja dei driv paa og set seg sjølve av.

Serleg fort gjeng det i Byane. Foreldri fær annsamt
med sitt og set Borni paa Skule; paa Skulen fær Borni
annsamt med sitt og kjem burt fraa Foreldri. Det er
Grunnmuren som sviktar; meir og meir sig Heimen sund.

I Staden kjem Samfunde. Det tek til med
Samfunds-skulen for dei unge og endar med Samfundskassa for
dei gamle; for Borni vert leide av Foreldri som Foreldri
av Borni. Og Foreldri vert leide av kvarandre; det var
Borni som skulde haldi deim i hop. Snart sit Mori paa
sitt Kantor og Faren paa sitt. Og Samfunds-Matsalar
kjem i Staden for Heimebord. Alt vert Publikum. Og
Live vert Striden for Tilvære kvass og nakin.

Daa eldest Folke. Det vert kaldklokt og reknar seg
fram; snart reknar Foreldri ut kor mange Born dei vil

238

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free