Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hava. Ein stor Barneflokk er brysam; og i Byen er han
dyr; og Arven vert dess mindre di fleire det er um han;
tvo Born maa vera nok; tri er Høgdi. Ægteskape au
vert eit Reknestykke; det løner seg berre naar Gifte er
rikt. Men rike Gifte er ikkje for alle aa faa; Lausgifte
fær Magti. Daa losnar alt upp. Far og Mor er tvo
framande Menneskje; og Borni kjenner ikkje dei Foreldri
dei skulde ære. Det ber til Sodoma meir og meir. I sjølve
Folkegrunnen tek det til aa rotne. Opinberringi talar
um den store Skjøkja; det er Storbyen som der er meint.
Landsbygdi klarar seg lengst; og Storbyen liver lengi
paa aa blodsuge Bygdine. Men Rotinskapen ét seg
ut-yvi etterkvart; den Dagen kjem, daa Lande au ligg
ut-tært. Daa er Domin fallen.
Langt Liv kann berre dei Folk vente, som held uppe
Vyrdnaden for Far og Mor, og Vyrdnaden for det aa vera
Far og Mor: Vyrnaden for Live og Livsvokstren. Sæle
dei Folki som ikkje fær for mykje Byar!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>