Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
dei Fela læt, so sukkar dei og slær Kross for seg. Og
lange Bønir held dei; og preike for andre gjer dei; men
dei syndar gjerne: ét up Husi for Enkjur og læt
Lasarus svelte.
Me skal ikkje fara etter slikt Folk. Me er ikkje
Trælar men Born; og den som gjer det han skal og ikkje
gløymer den som treng, han baade kann og skal vera
glad. Og naar det so feil seg, kann han trygt hyggje
seg saman med Vénir og Kjenningar.
I Kana heldt dei Bryllaup og hadde eit hugsamt Lag.
Og Jesus var med; han saag ikkje noko vondt i at Folk
hadde Moro. Og um dei var drukne paa ein slik Dag —
ikkje brennevinsgalne, men vin-glade —, so vart han
ikkje sur for det; han lét deim endaa faa meir Vin, daa
Mor hans bad um det. Han visste dei var skikkelegt
Folk, som ikkje drakk meir enn dei hadde godt av.
Vert me so gamle og vise at me ikkje vil vita av
Moro, so er me visare enn Vaarherre; og det er for
mykje. Det gjeng daa au som det kann. Sjølve vert
me sære og sure; og Ungdomen, som serskilt treng
Hugnad, han søkjer seg Moro i Skugg og Skjol; og vert
ikkje den Moroi god, so er det me gamle som hev
And-svare. Aat slike altfor kloke Gamlingar er det at denne
Sogo er skrivi; og dei som undrast mest paa aa finne ei
Bryllupssogu i Testamente, dei treng mest um aa lesa ho.
Fyrr var dei gamle so unge, at dei fylgde baade
Ungdom og Born i baade Moro og Leik; og daa vart god
Folkeskikk sjeldan gløymd; den Maaten maa me faa upp
att. Elles vert me snart gamle alle.
Det vart Ordskifte um dette; ikkje minst kom
Surs-maale um Ungdomen upp. Eg studde under det Paal
hadde sagt som eg kunde best; «det vert snart det
vig-tigaste for ein Lærar aa vera ein god Leikar no,» sagde
eg; og ho Elen Ramstad — som er gift med ein Lesar
240
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>