- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
246

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

oss, der Rikebror kann plundra Armebror og drive han
paa Bygdi; Jordi kunde den rike aldri slaa under seg.
Kravshavarar kunde taka Grøda; han kunde taka
Bruksretten til Jordi au; kneip det, kunde han faa Rett yvi
Laantakaren sjølv; kunde tvinge han til aa arbeide for
seg, gjera han til Træl, som dei daa beint fram sagde.
I slike Tidir laut den skuldbundne og Folke hans hjelpe
seg paa Fatigmanns Vis, soleis med Akssamling paa
Aakrane, som Lovi gav Rett til; i Kvileaare, 7de-kvart
Aar, var endaa alt som voks paa Aakrane fritt for alle.
Og der var strenge Bod um aa hjelpe den som trong;
for der skal ikkje vera nokon Tiggar ibland dykk, baud
Lovi; den fatige kom daa aldri paa Sveltihel. Og dei
vonde Dagane fekk Ende. I Kvileaare vart alle Laan
ettergjevne; i Helgaare vart all seld Jord attgjevi;
lenger enn i ei viss Tid kunde ingin hava Rett yvi Bror sin.

«Jordi var urørleg, av di ho aldri vart Sereign; Ætti
var Jordherre og ikkje Mannen. Og Ætti var Jordherre
so lengi ho var til. Den Gudslovi um Jordi som Moses
bokførde og Jesus stadfeste, hev i gamal Tid alle Folk
havt, me med, som du Tore nemnde; og i store, gamle
Rike stend ho enno ved Lag, mindre eller meir. Men
hjaa oss hev Sereiga til Jord lagt seg yvi Lande som
eitt Bann, um me aldri so mykje kallar oss kristne;
berre eit Faatal slepp til aa brüka Jord; og det dei ikkje
kan brüka ligg halvnytta og unytta, um aldri so mange
kunde trenge til det.

«Men Straffi kjem. Meir og meir av Jordi vert lagt
inn under Mammonsvelde, og Armodi aukar Tid for Tid.
Den Dagen kjem daa det gjeng med vaare Land som
det gjekk med Rom, um det skal halde fram som det
no stemner.

«At Jord-Eiging er Heidindom kjende me paa oss
baade han Far og eg,» slutta Paal, «og lett er ikkje

246

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free