Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Floken aa greide. Men no held eg meg til Meistaren;
Guds Lov maa upp att. Og er det som du Jens fortél,
at ho tek til aa vakne i sjølve Stormammonsrike
Amerika, so maa me kunna vente ei Vending.»
«Kor mykje me kann vente veit eg ikkje,» svara
Lensmannen. «Men Tanken kjem visst upp. Den Boki du
laante meg etter Bror din, Paal, er godt skrivi og legg
Tilstandi klaart fram; ho vil ikkje vera lett aa sleppe
ifraa, det eg trur.»
«Det er den gamle Jord-Tanken, so vidt som eg
for-stend,» sagde Tore.
«Den gamle Tanken tillempa etter Vilkaari no,»
skøytte Jens til; «i Tidir som desse er det millom anna
ikkje alle som treng Jord. Men dei som vilde hava
skulde faa, og det paa Vilkaar so alle vart hjelpte.»
Han greidde ut Vilkaari, og svara paa dei Spursmaali
han fekk; det var forvitnelegt aa høyre paa. «Mot alle
desse sosialistiske og anarkistiske Umveltings-Tankar,»
heldt han fram, «er dette ei Tillemping so lettvinn og
greid, at berre eit engelskt Hovud kunde finne ein so
skipeleg Utveg. Men Magti vil gjera tjukke Øyro; og
Mengdi vil seint høyre paa ein Mann som gjer so lite
Braak som denne Henry George.»
«At den gamle Tanken kjem upp i Amerika er ikkje
rart,» sagde Tore; «Pengevelde er so villt der burte at
Folk vert nøydde til aa tenkje seg um.»
Dette vart motsagt; i Red Riverdalen og andre Stadir
var der mykje billeg Jord aa faa. Jens smilte; «Jenkien
greider seg, so lengi han hev Indianaren aa røve Jord
fraa; so i Amerika kjem ikkje Tanken upp so snart.
Heller maa han faa Tak paa Folk i gamle Land, der
Jordi er utskift, som i Bretland, der ho meir og meir
vert lagd ut til Sauebeite og Dyreskog, og der
Jordarbeidaren hev det mest endaa verre enn Byarbeidaren.
247
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>