Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Men Pengevelde er seigare enn me tenkjer,» heldt
han fram; «og i det heile trur me Smaafolk helst paa
deim som lovar aa greide alt med ein Umstøyt og nokre
Paragrafar.»
«Her i Lande skulde me vel kunna høyre paa ein
Mann som heldt seg til Jordi,» meinte eg.
«Det bør me tru,» svara Lensmannen. «Men her er
det den Ting, at me er ikkje rett med enno. Norig er
ikkje noko Land; det er eit Territorium som Svenskar
og Heimedanskar rivst um; og so lengi det held paa
kann ikkje Jordspursmaale koma upp; Folk slær seg til
Ro med Amerika so lengi.»
Ei Stund etter heldt han fram: «Me fær elles trøyste
oss med, at noko Pengevelde hev me ikkje enno. Lite
hev me sjølve aa fara med; og av framand Pengemagt
er her knapt anna aa tala um enn Hopothekbanken. Men
den kjennest for Bonden som ei rein Hjelp; han kann
træle for Hypotikken og endaa kjenne seg sjølvberga.
Det vert nok verre, skal me sjaa; og fyrr det vert verst,
kann ein ikkje vente at Folk skal koma til aa tenkje.»
«Pengevelde sig inn-yvi oss so vidt no,» sagde Tore,
«at me kjenner kva Leid det ber paa.»
«Det var smaatt for Bonden fyrr au,» heldt han fram;
«han sat ofte Leiglending paa Garden sin. Men han
klara seg betre likevel daa, av di han gjorde sitt meste
Arbeid sjølv, og greidde seg med mindre. Borni au klara
seg; der var nok ingin Pengearv; men paa Farsgarden
var dei heime til dei sjølve fekk seg Heim. Og dette vart
Farsheimen ikkje tyngd av; for dei greidde for seg med
Arbeid. Og so lærde dei aa arbeide au. Og aa spara.
«Alt gjeng med Pengar no, som me veit; og daa gjeng
det lett; men det spyrst um det kann gaa lengi. Det
vert Skuld paa Gardane, men lite Arbeidshjelp, som me
alt godt kjenner til; Tingen er, at dei som ventar Arven
248
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>