- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sin i Mynt, dei bryr seg mindre um Jordarbeid; dei vil
helst til Byen eller paa Skular. Og der vert Arven gjerne
upp-øydd fyrr dei fær han; men Heimegarden maa ut
med Pengane og fær inkje att. Slit so sidan med denne
Gjeldi, som altfor ofte vil vekse. Og Amerika lokkar
som eit Kanaans Land; oftare og oftare gjeng Garden
or Ætti. Og Landsfolke minkar helst. Skal dette halde
paa, so kann det snart gaa som i Engelland: at Folke
vert liggjande paa Bygata, og Pengeherrane legg Jordi
ut til Dyreskog, som du seg jer.»

«Ja her er nok aa tenkje paa,» sagde Jens; han saag
sturin ut. «Men Folke kjem ikkje til aa tenkje paa desse
Ting, fyrr me vinn oss ut or Politiken.»

«Me hev klara Ufred og Svartedaude og Sveltihel og
klarar vel Politiken au,» meinte Paal; «men so lyt me
til aa tenkje paa Maten.»

«Daa lyt det bli Stundir til det, fær me tru,» svara
Lensmannen.

*



Noko gløymde eg aa faa med fraa Sundagen sist: Paal
og Jens kom upp-i eit teologisk Ordskifte.

Det vart fortalt um ein Lesar i ei Grannebygd; «Paal
Hove er Antikrist,» hadde Mannen sagt; «han neitar
Helvite; men kven trur du vilde høyre paa Gudsord,
naar ikkje Helvite var?»

«Ja, ja,» sagde Paal. «Det skal vera Kristindom:
brenne sin Næste!»

«Det er gamall Kristindom det,» svara Jens. «Fyrr
brende dei Næsten sjølve; no set dei Hinmannen til aa
brenne ’n; det er paa ein Maate likare. Verre er det at
Elden maa vera æveleg no; dei som kjem til aa gruvle
paa det vert stundom sjuke; og daa kann det hende
syrgjelege Ting, som me veit. Men kva Raad er her?
Med dei Tilstandi me no hev treng Folk Helvite.»

249

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free