- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
250

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«So ille er det vel ikkje?»

«So ille er det,» svara Jens. «Dei som slit vondt og
ser at andre hev det godt, dei kjenner at dei lid Urett;
og skal daa ikkje alt bli meiningslaust, so maa den
Uretten jamnast; og han vert jamna, naar Lasarus kjem til
Hi-mils og den rike til Helvite. Men Uretten hev vorti so
mykje større for Smaafolk no enn fyrr, at Helvite au maa bli
verre; æveleg maa det brenne, skal der vera Hjelp i det.»

«Det maa vel vera nok.» meinte Paal, «naar den rike
vert pint til han hev betala den siste Skjerven.»

«Det er nok,» svara Jens, «naar Fatigmann fær tru
som Kyrkja lærer, at so langt kjem den rike aldri. Det
var annarleis i Jødeland, der dei trudde paa
Tusund-aarsrike; me som veit, at i Staden for Tusundaarsrike
kom Pavedøme, og i Staden for Gudsrike Pengevelde, me
lyt hjelpe oss paa vaar vis.

«Det skynar ein Lensmann,» heldt Jens fram, «naar
han er ute og eksekverar og auktionerar og driv
Armingar fraa Hus og Heim; hadde ikkje Armingane Helvite
da til aa sende Lensmann og Fut og heile Hurven ned
i, so fekk me fleire Draapsmennar enn me kunde skaffe
Husrom til.»

«Jesus let Lasarus bli sæl og den rike pint,» svara
Paal; «no er det likso snart Lasarus som vert pint og
den rike som vert sæl; kann det trøyste Folk?»

«Naar Presten sender den rike til Himilen,» svara
Jens, «so trur ikkje Folk noko større paa det. Det veit
og, at Lasarus kann koma til Himils like godt, um
Presten ikkje held Gravtale; den fær mykje tilgjevi som
leid mykje, tenkjer Folke. Og so lengi me ikkje kann
skaffe det likare Livsvilkaar, so fær me lata det trøyste
seg no. Tankane vert nok ljosare, naar Live lettnar.»

«Det maa me tru. Kome ditt Rike!»

*



250

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free