Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Det gjeng betre enn ventande. Gamall Folkeskikk er
seig. Um me aldri so mykje veks upp i den Trui at
det er storkarslegt aa Inkje gjera, so sit Fedra Visdom
under som eit Samvit likevel: blodut er Hjarta i den
som skal tigge seg Mat; sjølvberga er best farin.
«Men me er i ei Nedgangstid; mykje dreg den galne
Vegen. Dyrt vert det aa liva; og Folk veks upp paa
Skular; der mjuknar dei gjerne og veiknar; duger
sist-paa lite til aa slite og slaa seg fram. Men Liv i Mak er
for eit Faatal. Og Herrevegen for eit Smaatal. Det
gjeng daa som det maa gaa. Fantestigen fær Søkjarar.
«Lettare og lettare vert han aa gaa au. Ikkje
beintfram; det er der som elles: Tevling gjer Vegen trong.
Men Samfunde fær meir Hjartelag; kann Armingen ikkje
klara seg med Tigging lenger, so hev han Tukthuse.
«Knip det, so er det berre aa slaa ut ei Rute og stela
litegrand; so fær ein Hus og Mat fritt. Og det dess
lenger, di meir og di oftare ein stel; her er Løn for
Lovbrot. Heiltupp som Storfolk kann ein stelle seg: um
Sumaren tek ein Ferie, men søkjer til Partemente att
naar det lid til Vinters; det er mange som gjer det so.
Men vil ein sitja trygg Aare rundt, so er det aa faa paa
seg eit noko dugelegt Lovbrot, Knivbruk eller Røving
eller sovori. Og best er det aa drepa eit Menneskje; daa
er ein forsyrgd. Alt ein treng fær ein fritt og trygt,
Hus og Mat, Klæde og Sko, Tilsyn og Stell, Doktar og
Prest; Arbeid til Tidtrøyt fær ein au; det einaste ein
lyt vera forutan er Fridomen. Men kva Fridom hev ein
Arbeidsmann ? Og kva nyttar Fridom for den som svelt ?
Livemaaten er det fyrste; det er ikkje lengi fyrr ein
Stakkar lærer det.»
Eg lo; «det vert nok meir og meir den bakvende Verdi,
dette.»
«Visst er det so. Heilt ut er det so; fær Latskap og
256
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>