Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lovbrot Løn, so fær Arbeid og Sparsemd Straff; dei
ærlege maa bøte for det galne som vert gjort;
Arbeidaren maa føde Fanten, Kvart sjølvhjelpt Menneskje
maa her vera med; og di meir ein arbeider, di meir lyt
ein bøte; Boti heiter Skatt med eit lystigt Ord.
«Hjelpi er, at Guds Lov sit djupare i oss enn
Lands-lovi. Folk vil vera Folk i det lengste. Smaatt kann dei
hava det, og tungt kann dei slite; men slit gjer dei so
lengi dei vinn; Ære og godt Samvit er det største,
meiner Folke.
«Stundom kann det knurre for at Skattane veks; men
det trøyster seg med, at gjekk Fanten laus, vart han
verre aa dragast med endaa. Og so fær me ein Veg
stundom, eller ei Hamn; ikkje alt som gjeng til Skatt
er burtkasta.
«Men Fanten hev sitt aa gjera: han skal lære oss
Broderlovi att. Tyngje og elte oss skal han, og vekse
oss yvi Hovude meir og meir, so me sistpaa er nøydde
til aa hugse gamall Samfundsskikk.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>