Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Veg med Byggjingi; eg kjenner meg snart full
Gardmann! —
— Kveldane lengjest no; det vert meir Innearbeid.
Og det kann vera huglegt. Naar me sit ikring Lampa
og steller med Smaa-Arbeid av ymist Slag, kjem ofte
Gardsfolk inn-um; dei veit at Paal hev Greide paa
mangt; og for meg er det ofte som eg var paa ein
Jordbruksskule.
Sit me aaleine, so kann me hava «Jordbrukstimar»
daa au — det er ingin laak Skule, denne gamle: Arbeid
paa Jordi um Dagen og Samtale um Kvelden um
Jordarbeid —; og stundom kjem andre Spursmaal upp;
soleis sume av mine gamle bibelske.
I Gaarkveld fekk eg Paal til aa greide ut um
«Namnen sin», Apostelen; «han driv svært paa med Trui, den
Mannen,» sa eg.
«Han driv paa med Gjerningar ikkje mindre,» svara
Paal; «Gud skal gjeva kvar etter hans Gjerningar,»
segjer han Gong paa Gong. Og det han segjer om Trui
er rett; Trui skal du hava hjaa deg sjølv for Gud, segjer
han; men Tru utan Gjerningar er ingin Ting.»
Eit av dei Paulusordi eg hev havt mest Bry av lagde
eg fram: ein Gud er det, og ein Millommann millom
Gud og Menneskja: Menneskje Jesus Kristus, som gav
seg sjølv til Løysepening for alle; og for det vart eg,
Paulus, sett til Forkynnar og Apostel.
«Her,» sagde eg, «forkynner han den vanlege
nytestamentlege Læra, at Gud er ein, og at Jesus, Messias,
er Menneskje. Men i süme Apostelbrev vert Jesus kalla
Gud; ja han vert ein stad kalla «den sanne Gud»,
liksom det var Meiningi aa setja han i Staden for Faderen.
Kva skal me tenkje um det?»
«Det er Heidningkristindom.» svara Paal.
«Heidning-Gudane var Menneskje, berre med ei framifraa Magt;
258
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>