- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
259

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og Menneskje med framifraa Magt vart Gudar, som
Herkules og andre; ja Keisaren i Rom var Gud, um han
livde aldri so ugudeleg. I Apostelgjerningar les me um
ein Sevs-Prest som vil ofre til Paulus, daa denne hev
heilbrigda ein Mann som var lam i Føtane; og Jesus
hadde gjort større Ting enn det. Ho voks fram av seg
sjølv, den Trui at Jesus var Gud; heidningkristne
Av-skrivarar hev reint uviljande ført ho inn i Tekstine,
ved Mislesingar eller Mistydingar som dei sjølve ikkje
hev gaatt etter. Süme hev trutt at dei hadde sjølve
Paal Apostel med seg her. Han kallar ein Stad Jesus
Herren fraa Himilen; og da maa han vel halde han for
Gud, hev dei tenkt.

«Men me held oss til Meistaren. Han er spaklynd og
audmjuk av Hjarta; vil ikkje vera kalla god dessmeir;
og um Gud segjer han som Moses: høyr, Israel, Herren
vaar Gud, Herren er ein! Det er nok so, at Gud er Far
hans. Men Gud er vaar Far au. Og Guds Born er me
som han; og Brørar kallar han oss, liksom me alle skal
vera Brørar.

«Det hev vori Tidir daa Trui paa Jesu Guddom
trongst; og dei Tidine er enno. Og treng me den Trui,
so kann me hava ho trygt, so sant som me elskar
Næsten; det er berre det, me vert spurde um i Domen.»

«Trieningslæra maa au falle, nar ein held seg til
Testamente.»

«Trieningslæra er fraa det sette Aarhundrade etter
Jesu Tid.»

Eg heldt fram med mitt. «Kva skal ein segja um det,
at Paulus vil vera sett serskilt til Apostel for Læra um
Løysepeningen; den talar daa Jesus sjølv um?»

«Ein Stad hjaa Mattæus og ein Stad hjaa Markus er
Løysepeningen nemnd; dei andre veit inkje um han. Og
dette er serleg merkelegt hjaa Lukas, som elles hev godt

259

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free