- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
261

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde Løysepeningen turvast for Heidningar og
Syndarar, men ikkje for alle, som Paulus skriv;
Løysepeningen for alle vart daa til ein Løysepening for
mange; i den Formi kom det inn hjaa Markus og
Mattæus. Og hjaa deim er det lagt i Jesu Munn.

«Det kann sjaa rart ut, sovori. Men Soningstanken
turvtest. Endaa meir daa enn no.

«Tidfullnaden var komin; ein og annan kunde taka
imot Sanningi. Men Mengdi, Verdi, skjma ikkje Jesu Ord.

«Heidningane hev knapt nok fata Eingud-Tanken
dessmeir; og Israels Allvelduge hev dei vori rædde. Um
Gudane var mange og laag i Strid, so var dei endaa
faar-lege; men reint spelegt vilde det vera aa vaage seg fram
for ein Gud som aaleine hadde Magti. Det hjelpte ikkje
at han kalla seg Far; dei strengaste Herrane gav seg
ofte dei venaste Nemne. Ovmykje vilde ein Einvaldsgud
krevja av baade Ære og Ofringar; det var best aa halde
seg til sine gamle Gudar, hev Heidningar flest tenkt.

«Men meir og meir vende Jødane seg burt fraa
Gali-læaren; dess meir galdt det daa aa faa Heidningane
med. Og um dei ikkje kunde koma heilt med, so fekk
ein hjelpe deim fram-yvi so godt som det lét seg gjera.
No var Farisæaren fraa Tarsus ein Mann som kjende
Heidningane og visste kva dei trong; han skyna kor
langt ein kunde vente aa naa; og Utveg fann han.

«Det er den gamle Israelsgud han forkynner, den
strenge og den vreide. Det er ein Herre som
Heidningane kann skyna, dette; han bryr seg um si Magt og si
Høgd meir enn um oss Menneskje; og etter sin eigin
Hug hev han utvalt nokre av oss til Ære og andre til
Vanære, som det stend i Romarbreve. Som ein
Krus-makar gjer han süme til Miskunn-Kjerald og süme til
Vreide-Kjerald; han miskunnar den han vil og forherder
den han vil; og ingin kann segja noko for det; hev kje

17 — Garborg V.

261

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free