- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
262

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Krusmakaren Velde yvi Leire sitt? Serleg mot Syndi er
Gud ein øydande Eld.

«Men endaa kann me no etter Paulus sleppe aa ofre.
Han bryr seg ikkje um Kalv og Sau lenger; han hev
fengi eit Offer so storgjævt, at Inkje kjem upp imot det.
Men so gjeld dette Offere for alle og all Tid au; den
som bar det fram var Jesus Kristus. Han, den vigde,
den fullkomne, den fyrstefødde, Gudssonen, Herren fraa
Himilen, — paa serskild Vis bar han det fram: seg sjølv
ofra han for Syndine vaare. Ofra seg ved aa døy, døy
som ein Røvar paa ein Kross; dermed er heile vaar
Synderekning uppgjord; og dei gamle Smaaofringane
trengst ikkje meir. No gjeld det for Syndaren aa eigne
Kristi Offer til seg, bera det fram for sine eigne Syndir;
og det kann han gjenom Tru; denne vert noko nytt no:
Tileigning av Kristusoffere. Og hev Syndarar gjenom
Trui bori dette Offere fram for Gud, so vert han Guds
Barn og fær Gud til Far, um han var den verste
Heidning og Syndar. Sidan er det for honom som for
Israeliten aa liva etter Guds Lov; daa er han trygg paa
Rom i det Gudsrike som snart er ventande.

«Denne Læra gav Heidningane Mod til aa høyre paa
Apostlar og Apostelsveinar. Ho hev sidan vori stelt paa,
og hev trengt Jesu Evangelium endaa meir til Sides;
Offerguden er meir og meir komin i Staden for Faderen.
Men eit stort Framstig fraa Heidindomen er denne Læra
likevel; og endaa ein stor Ting var naadd: gjenom
Pauluskyrkja vart Bibelen berga og dermed Orde aat
Meistaren.

«Det store Fleirtal er Halvheidningar enno: treng
Løysepeningen og Millommannen. Men desse au vinn
Gudsrike, so sant som dei hugsar Bode um
Brorskapen.» —

— No skynar eg at Prestane er so imot Paal. Han

262

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0266.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free