- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
263

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

held seg til Jesus og dei til Paulus; og dei bannstøyter
som Paulus kvar som forkynner eit anna Evangelium
enn det dei held for det rette.

Eg vart sjølv rædd, daa Paal strauk Orde um
Løyse-peningen. Men di meir eg ser etter, di meir vert det so:
Evangelie um Soningi læt seg ikkje semja med
Evan-gelie um Faderen.

*



«Kva Apostlane meinte um Tru og Gjerningar,» sagde
Paal sidan ein Kveld, «det kann me lære hjaa Jakob,
Herrens Bror, ein av dei tri, det fyrste apostoliske
Blod-vitne; so skriv Jakob i Breve sitt: Tru utan Gjerningar
er daud; kva gagnar det um nokon segjer han hev Tru,
naar han ikkje hev Gjerningar; kann Trui frelse honom?
Liksom Jesus forkynner han den kongelege Lov etter
Skrifti: du skal elske din Næste som deg sjølv.

«Og som ein av dei gamle Profetane feller han Domen
yvi dei rike som ikkje brukar sin Rikdom rett. Graate
og harme dykk, de rike, segjer han, for den Usæla som
skal koma paa dykk! Sjaa; den Løni de hev forhaldi for
dei Arbeidarar som hev skori dykkar Aakrar, ho ropar;
og Rope fraa Skurdfolke hev komi inn for Herren
Seba-ots Øyro; men ver tolmodige, Brørar, segjer Apostelen,
Domaren stend for Døri.

«Det er Jesu Dom paa nytt: usæle dei rike! Eld vilde
Messias kaste paa Jordi, og ynskte, at Elden alt var
uppkveikt. Og naar me ser oss ikring no, so kann me
undrast med oss sjølve: tru det ikkje er den Elden som
brenn rundt i Verdi baade her og der?

«Ikkje Fred er her lenger, men Sverd. Magthavaren
læt Armingen slite; og av hans Sliting og Svolt bryggjer
han seg Rikdomar; men Uro kringsét han kvar han
gjeng; den Uretten han driv forfylgjer han; Blode av

263

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free