Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bror hans ropar yvi han fraa Jordi; uglad sit han i
sine Gilde, um Vinen er aldri so god.
«Han er uroleg for baade Eigedom og Liv; dei
magt-lause slær Lag og forer Krig mot Magthavaren. Lite
vil dei magtlause vinne, um dei sjølve gjer Mammon til
Gud; men til Straffe-Englar er dei utsende mot deim
som feitar seg med Urett.
«Sæle dei som liver av sitt Arbeid og nøgjer seg med
det dei tarv. Fred hev den smaanøgde og den
hjelpsame. Men Gull vunni med Urett er Helvites Eld.»
*
«Korleis skal me tyde dei gaatefulle Ordi som
Johan-nes-Evangelie vert opna med?» spurde eg.
«Paal svara: «det er uklaare Ord; og dei vil vera
uklaare.
«Johannesboki vende seg til dei vise i si Tid. Og i
Fyrstningi er ho filosofisk og vil setja Evangelie i
Samanheng med Gnosis-Læra.
«Grunnvære er Gud; ved Orde, som sjølv er Gud,
Guds Kraft, skaper han Verdi.
«I den skapande Gudskrafti var Liv; Tanke; og dette
Gudsliv var Ljose aat Menneskjom: dei fekk sjølve
Tenkjekraft. Men Menneski livde i Myrkre og tok ikkje
imot Ljose; fata ikkje Guds-Tanken. Denne tok daa
Mannsskapnad i Jesus; Orde, Gudskrafti, vart Kjøt og
budde millom oss. Men Verdi kjende ikkje att det Orde
ho hadde vorti til ved; hans eigne tok ikkje imot honom,
so nær som nokre faae: dei som trudde paa hans Namn.
«Han som hev skrivi dette vil vise, at Lærdom tarv
ikkje heller stengje oss ute fraa Gudsrike.
«For Kyrkja hev Johannesboki vori faarleg. I Staden
for Meistaren set ho Anden til aa upplyse og lære oss;
men kva ho meiner med Anden er ikkje tydeleg nok
264
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0268.html