- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
265

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sagt; og Andar av ymist Slag hev daa nytta dette Orde
ut gjenom Tidine.

«Me umyndige held oss til Meistaren i dei fyrste
Sogom, til dess me kjem so langt at me kann kjenne
han att i den siste; og vinn me ikkje so langt, so hev me

nok i det me i dei fyrste finn: Fagnadböde um Faderen.»

*



Tekst: Maatte ikkje Kristus lide dette, og so gange
inn til sin Herlegdom?

–Tunge hev dei vori for Jesu sveinar, dei Dagane

det her er fortalt um. All deira Von var burte; Israels
Frelsar laag krossfest i ei Grav.

At Messias skulde døy, og det som ein Brotsmann, det
var mot Skriftine og mot all Von; og noko Snakk av
nokre Kvende, at han skulde vera uppstadin, trudde dei
ikkje; modlause og raadlause gjekk dei der; ikkje minst
desse tvo paa Vegen til Emmaus.

So kjem ein ukjend og spyrr, kvi dei er sorgfulle.
Dei svarar: Jesus fraa Nasaret, ein Profet veldig i Ord
og Gjerning, han som me venta skulde utløyse Israel,
honom hev Øvsteprestar og Raadsherrar krossfest; og
no veit me ikkje meir.

Den ukjende er Jesus sjølv. Og han er med paa
Messiastanken. Men det maa de daa skyna, segjer han,
at Messias maatte lide? Det verste maatte han lide;
viljugt og som eit lydigt Barn maatte han lide det; daa
fyrst var han so til det siste og ytste røynd, at Faderen
kunde gjeva han den høgste Magt; daa kunde Profeten
fraa Nasaret faa Messias-Kruna.

Dette er den apostoliske Tanken um
Langfredags-hende. Som Petrus segjer i Apotelgjerningar: Jesus
vart yvigjevin til Dauden etter Guds fyrisette
Raad-gjerd; daa han hadde stadi den Prøva, uppreiste Gud

265

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0269.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free