Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han og gjorde han til Herre og Messias. Og hev sett han
til Domar yvi livande og daude. Eller som Paulus skriv:
han var lydig til Dauden, ja til Krossdauden; difor
upp-høgde Gud honom høgt, og gav honom det Namne som er
yvi kvart Namn; og for det Namn skal alle bøygje seg.
Guds fyrste og øvste Tenar vart Jesus ved det at han
var heilt ut lydig; si Lære underskreiv han med sitt Liv.
*
Tekst: De skal høyre Hér strid og Tidendir um
Hér-strid; men Enden er ikkje endaa.
–Hérstrid høyrer me nok um; villare og villare
rasar Krigen, di meir Kultur me fær; og endaa skulde
Kultur vera det same som Folkeskikk.
Med Vald raader det vonde i Verdi. Den eine Broren
liver av den andre: Domaren av Tjuven og Tjuven av
Rikingen og Rikingen av Slitaren; men Slitaren svelt;
og berre Kniven held Kniv i Slire.
Væpne seg er einaste Raadi mot Krig. Men det er ei
utrygg Raad; so lengi væpnar me, til sjølve Vaapni driv
oss i Krig; driv oss inn i den Villa der Brørar lagar
Brørar til Hakkemat.
Verre enn alle Villdyr er Menneskje; Vargflokken
sjølv held seg-imillom Fred. Men Mann drep Mann og
Folk tyner Folk og Rike øyder Rike; Blod fløymer
gjenom Tidine; og di meir me preikar um Kristindom,
di større vert Flaumen.
Men Enden er ikkje enno. Gudsrike kjem; men fyrst
maa Djevelen og Dyre og den falske Profeten hava si
Tid, og alt det andre vonde som er spaatt um.
— «Det vert tala um ein ny Himil og ei ny Jord,»
sagde eg. «Men var det ikkje vaar eigi Jord me skulde
sjaa aa faa Skikk paa?»
«Det er den me skal faa Skikk paa,» svara Paal. «Det
266
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0270.html