- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
267

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vonde skal brenne, bli øydt; og naar det er burte, so vil
ho vera ny, denne same gamle Verdi.»

«Himil og Jord skal f organgast, stend det.»

«Himilen er i desse Spaadomane Bilæte paa dei
Vonde-magtine som sét seg i Guds Stad; og Jordi er Rike aat
desse Magtine; baade dei og Rike deira skal brenne.»

«Men Domen?»

«Domen er sjølve dette at det vonde øydest og det
gode vinn. Og Dom skal me halde kvar for seg: gjeva
det gode Magt i vaart Liv og kaste det vonde i Eldsjøen.
For kvar ein som soleis lærer aa halde Dom yvi seg

sjølv vinn Gudsrike eit Stig fram-yvi.»

*



Tekst: Menneskjesonen skal koma i sin Faders
Herlegdom, og skal løne kvar etter hans Gjerningar.

–Myrkt var det for Israel i Jesu Dagar. Gamalt

godt laag nedtraakka under Heidninghæl og nedtyngd
under Mammonsvald, og vondt nytt skaut upp og breidde
seg kvar ein saag; Folke gjekk framandt i sitt eigi
Land; og Armod og Sjukdom og Hugløyse vaks; berre
eitt hadde det same Israel aa trøyste seg med: Voni
um Gudsrike.

Gudsrike var den nye Heimsalderen, daa alt
Herre-vald skulde falle og Guds Lov faa Magt. Og no tok
Vonir til aa vakne hjaa mange; han som skulde føre
Messiasstriden og reise Gudsrike, han livde si Prøvings
og Fyriarbeids Tid millom Folke alt. Tanken um dei
Ting som skal hende naar hans store Dag renn, er daa
ofte framme i Jesus-Sogom.

Lengi etter rann det og ein Dag som kalla seg hans
Dag; den kristne Tidi er etter Namne Messiastidi. Men
det var ikkje Messias som kom; det var Mot-Messias.

267

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0271.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free