- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
268

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folki fekk det verre enn fyrr; og Jesu Sveinar vart
brende. Daa slokna alle gamle Messiasvonir. Verdi var
dømd og i Djevelens Vald; Gud, Sanning, Rett fekk
aldri Magt der; men det vakna ei ny Von: den Verdi
som brende Guds Born skulde sjølv brenne.

Og eit nytt Tilvære skulde koma upp; vondt og godt
skulde skiljast aat; høgt upp-i Guds blaae Himil skulde
dei gode liva sitt ævelege Liv, og djupt nede i svarte
Helvite skulde dei vonde æveleg døy; endelaust skulde
dei brenne i eit endelaust heitare Baal enn det dei sjølve
hadde kveikt aat Guds Born.

Paa denne Draumen liver Folki enno. Og alle Ord i
Skriftine um Domen vert tydde etter den.

Men hugse skal me, at alle dei Ordi som no vert tydde
um Domedag, dei handlar um Messias-Striden og um
det komande Gudsrike.

Naar Messias hev vunni paa Djevlemagtine, so kjem
etter Spaadomane det nye Jerusalem ned fraa Himilen,
og Guds Tjeld vert uppsett hjaa Menneskjom; Guds
Vilje vert Lov paa Jordi; Rett og Brorskap vinn. Daa
er dei gamle Ting burtfarne. Sorg og Skrik og Pine
skal ikkje vera til; sjølve Dauden skal ikkje vera til
meir, — korleis me elles skal forstaa det Orde.

Alt no er me i Gudsrike og fær Løn, eller i
Djevle-rike og fær Straff; sidan kjem me til Paradis eller i
Refsings- eller Skirsle-Elden. Naar Gudsrike er komi,
gjeng dei gode der inn. Alle vinn fram som vil fram;
og den Sæla dei vinn vert likna med Glede og
Gjestebod. Men dei som ikkje bøygjer seg for Guds Lov, dei
fær ei Straff som vert likna med Myrkr, Daude, Eld; det
er ei Straff som sløkkjer Liv og Livs Vonir. Og naar
soleis det vonde er yvivunni og utreinska, gjev Messias
Rike fraa seg etter Pauli Ord, og Gud vert alt i alle;
hans Rike er komi, og det Rike skal staa.

268

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0272.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free