- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
269

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— «Det vert stundom tala um æveleg Pinsle,» sagde
eg; «kva skal me tenkje um den?»

Paal svara: «Æve-Pinsla, Æve-Elden er det same
som den andre Dauden.

«Æve-Elden,» heldt han fram, «vert kalla usløkkjande;
Bilæte er teki fraa den Reinskingselden som brann i
Gehenna eller Hinnomsdalen utanfor Jerusalem. Det
var ein sterk Eld, som brann med Svaavel; han skulde
gjera Ende paa det By-Avfalle som elles hadde vorti
liggjande og rotne; og der var mykje Avfall fraa ein
sovidt stor By. Gehenna-Elden brann Dag og Natt;
brann æveleg; men det som vart kasta paa Elden brann
upp; soleis skal det gaa med Avfalle fraa Jordi; det
skal bli uppbrent, utreinska.

«Me veit ikkje meir um desse Ting. Men det er nok.
For det er ikkje Rædsla for Straff som skal drive oss
til det gode; daa vert me Trælar og ikkje Born;
Kjærleiken, Hugen til det gode, skal drive oss. Og Meistaren
visste det mange helst vilde gløyme: at Hug til det gode
hev me.

«Visst er det, at Gud er Faderen. Han er ikkje noko
Troll som hev Hugnad av aa pine oss; steller me oss
gali, so straffar me oss sjølve; Pinsla fylgjer alltid
laakt Verk. Det er dette Meistaren vil minne oss um,
naar han talar um den Livsspilla og Uhugnaden som
fylgjer det vonde; og me skal høyre paa det han segjer
og taka Rædsle av det, men Rædsle for det vonde og
ikkje for Faderen.»

*



Tekst: Den som gjev ein av desse minste ein Drykk
Vatn skal ikkje sakne si Løn.

–Gjer du ein Stakkar den minste Hjelp, so er

du meir til Mann enn um du held ei ven Preike for han

269

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0273.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free