- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
271

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Denne Djevelen,» sagde eg, «Beelsebub og Satan og
kva han heiter alt, kva skal me tru um honom?»

«Djevelen maa me tru paa,» svara Paal; «han er visst
livande nok.

«Men no gjer dei Djevelen til Gud; og det er aa gjera
for mykje Ære paa han. Ikkje for det; ein kann alltid
forstaa det; det vonde er ei Stormagt som synest vinne
paa Gud sjølv stundom. Eg hugsar han Gunnar, Bror
min; so lengi hadde han sét paa denne Verdi som rivst
og bit og bløder og brenn, at sistpaa tenkte han: dette
er Helvite; den vonde hev Magti; Faderen er berre eit
Barne-Eventyr.

«So gjeng det mange. Det finst endaa dei som driv
Djevledyrking, paa Lag som Trollkarar og
Trollkjerin-gar fyrr. Naar det vonde hev Magti, so er den Vonde
Gud; og so fær me dyrke den Vonde, tenkjer slikt Folk.

Men Gud er den Vonde ikkje. Han er helst ein
Stakkar, paa Vis som Eventyrfanden. Ein Tosk er han i
Grunnen au. Men han er seig og sløg; og daa me sjølve
er endaa taapnare enn han, so narrar han oss ofte.

«Sterk er han au paa ei Vis. Men han hev si Magt i
oss. I meg, i deg, i kvar for seg hev han Rike sitt; der
er det han raader og styrer. So ofte som han berre
slepp til.

«Det vonde i oss sjølve er han, det jordbundne,
troll-vridne i oss, Ormebøle og Ulvestogo, Sjølvhug og
Kald-hug og Hemnsjuke og Hat, alt det me maa slaast med
og vinne yvi kvar Dag og endaa aldri er trygge fyri, —
det er Djevelen.

«Var denne Utangen noko for seg sjølv, so hadde
Faderen havt Raad med han for lengi sidan. Men i oss
sjølve hev me han; noko av oss sjølve er han; det er
det som er so vrangt. Kvar lyt fikte med ’n sjølv so
godt han kann; onnor Raad er her ikkje.

271

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0275.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free