Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Kva Djevelen er? Det er ikkje snart sagt. Me hev
mykje i oss av Dyr; naar det vert herdt og kvesst i
Mannavit, so vert det Djevelskap, og den som arg kann
vera; daa er Fanden laus. Me skjemmest av slikt;
Menneskje i oss vil ifraa det, og likar aa hava Hin-Mannen
aa skulde paa; men Dyre og Trolle i oss heng meir fast
ved det vonde enn me vil vera ved; og lett kann me bli
baade Dyr og Troll, um me gjev etter.
«Men helst vil me vera Folk; og so fær me denne
lange og seige og ofte vrange Striden med Djevelen.
Best er det etter mi Røynsle aa ikkje høyre paa han,
ikkje bry seg um han, berre drive paa med det som rett
er; men elles stend den gamle Sanningi fast, at Gudsord
likar han ikkje. Og di oftare me vinn paa han, di meir
veiknar han; dess meir veks og Menneskje i oss,
Guds-barne; og sidan eller fyrr kjem den Dagen daa Djevelen
er bundin.
«Men jamvel daa gjeld det aa vera paa Vakt. Sovnar
ein, so kann den Reven snart smette ut av sine Band; og
ein fær daa gjerne eit langt Bask, fyrr ein er trygg att.»
«Jesus sjølv talar um Djevelen,» sagde eg.
Paal svara: «det sama gjer me; Folk skynar betre
livande Liv enn daude Tankar. Men det gjeld at me
ikkje driv det for vidt; i ein Heim so storbygd og streng
som dette Lande vaart vert Hugsyne lett for sterkt;
Draumsjuke hev me havt nok av.»
«Jesus dreiv ut Djevlar,» heldt eg fram.
«Han gjorde det som dei den Gongen kalla so,» smilte
Paal; «og det gjorde han rett i.»
Snart var me inne paa Undergjerningar; Paal trur
paa deim. «Men,» sagde han til Slutt, «i gamle Dagar
trudde Folk meir paa slikt enn me kann; og det laga seg
Sogur um Meistaren som me ser er Folkedikt. Men no,
daa me tek alle andre Truir fraa Folke, so kann me lata
272
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>