- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
273

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det faa hava denne; ho er korkje kristeleg eller
ukristeleg; men det er av den Mjølki som høyrer
Barnealderen til.»

*



Eg spyrr stundom Paal, um han ikkje vil ut paa
Forkynning att; «Folk kunde hava godt av aa høyre
Evan-gelie,» meiner eg.

«Dei hev Moses og Evangelistane,» svarar Paal; «deim
skal dei høyre. Og vil nokon vita mi Meining um noko,
so veit han kvar eg bur.»

«Men du kunde fortelja Ungdomen at me skal
arbeide.»

«Med Neven preikar ein Arbeid best; med Preiking
éi ein berre nye Preikarar.»

Eg tagnar. Dette hev han nok Rett i.

*



«Det er visst mange som er leide av Live i denne Tid,»
kom eg til aa segja.

«Det høyrest so,» svara han.

«Men vera leid av Live er Sjælearmod. Fortögsslitarar
og Krakkjesitjarar kann finne Verdi keidsam; men meir
enn nok er her aa gjera og lære all Tid.

«Underlegt er det og aa høyre paa deim som finn Live
meiningslaust. For der er alltid Meining i aa hjelpe der
Hjelp trengst; og Hjelp trengst all Tid og all Stad.

«Liva rett, det er aa vera ein god og tru Tenar. Og
ein Tenar spyrr ikkje etter Meining; han hev Arbeid,
og det gjev Meining; meir enn nok av Arbeid hev han
kvar Dag og kvar Stund.

«Dei som vert kalla Herrar er store naar dei er
Tenarar; sjølve Kongen er stor, naar han tenar Folke
sitt; det kann han ikkje ofte no, Stakkar.

«Den høgste paa Jordi er ho Mor; han Far hev full-

273

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0277.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free