- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
274

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

god Meining i sitt Liv berre han tenar henne; men Live
for denne høgste paa Jord er aa tene dei minste, Borni.

«Me som ikkje er Fedrar og Mødrar skai vera Fedrar
og Mødrar til Hjelp; me skal vera Tenars Tenarar; er
me det, so er me mykje meir til Folk enn vanlege Pavar.

«Men var det ein som ikkje kunde hjelpe eller tene,
— han fann ikkje Meining i sitt Liv, um han so rota

seg igjenom alle Filosofiar.»

*



«Aa, denne Soli!» ropa Paal ein Morgon; «for ei
Liv-skaparmagt; for eit Guddomsvelde! Ingin skal undrast
paa, at alle Folk hev havt ei Soldyrkar-tid!

«Og endaa er Soli inkje anna i seg sjølv enn eit
logande Helvite.»

«Og naar det Helvite sloknar, maa alt Liv døy; er det
kje bakvendt?» sa eg.

«Naar Soli sloknar vert Solheimen Is, ja. Isklotar i
ei gravsvart Natt.

«Men ein Gong støyter Isklotane ihop; daa vert dei
til Eim; Isen med; gjenom endelause Tidir skipar Eimen
seg um til ein Solheim paa nytt; daa tek ein ny Dag
av Æva til. — Er det je so dei no trur?»

«Noko maa ein tru, naar ein Inkje veit.»

«Store Draumar er au noko, Haavard. Den gamle
Tanken vaknar um Heimsringen, Tilvære-ringen: alt
hev Dag, Kveld, Natt, Morgon; Dag, Kveld, Natt,
Morgon kjem att og kjem att, paa nytt og paa nytt, sviv
rundt og sviv rundt, i æveleg Ring; der er inkje
Upp-hav eller Ende. Alltid ny stig Dag og Natt som kvarv;
alltid ny døyver Natt den sloknande Dag; alltid ny stig
Solheim av Ævords Skodd; alltid ny vinn Ævords Skodd
paa Heim og paa Sol; æveleg rundt og i æveleg Skifting
alltid seg sjølv sviv den gaatefulle Ringen.

274

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0278.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free