- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
275

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Kor som er: me trur det finst noko som vinn utyvi
Ringen, upp i eit Tilvære av eit anna Slag: det Live
som naadde det høgste, Aandi. Daa fær me Von um ei
Meining i Tilvære; noko vinn seg fram som held seg,
og som hev noko det vil: hev eit Liv aa verja, eit Rike
aa vinne, ei Framtid med Framgang og ikkje berre det
same og det same upp att.

«Det me veit er, at som det er laga, so er det. Me
kjenner den Verdi me hev og nyttar det Live me fekk;
naar me nyttar det rett, fær det Meining for seg; for
Resten syter Grunnherren, Faderen.»

V.

Det lid til Vaars att. Og mi Tenartid er til Endes.

Snart skal eg vera Mann paa min eigin Gard. Det er
ferdugt, aa kalle, det vesle Heimehuse vaart — me fær
byggje det større sidan, um det trengst —; og til
Hausten held eg og Ingeborg Bryllaup.

Det kann vera paa Tidi au at eg tek til med «mitt
eigi Liv»; eg hev snart naatt «Sveinkall-Aari». Den
vesle Garden min skal eg nok faa i Gang; og eg tenkjer
me skal trivast baade ho Ingeborg og eg og dei som
etter oss kjem paa Øvre Haatun.

Skulegonga mi lyt au vera til Endes no; eg hev lært
Grunnane og kjenner at eg skal klara meg. Det er Trui
hans Farfar eg hev funni att, naar eg rett skal sjaa meg
til: me skal vera gode mot kvarandre, so vil Gud vera
god imot oss. Og no veit eg, at i dei barnslege Ordi ligg
heile Kristindomen. For det er Born me skal vera. Ikkje
gruvle; taka kvar Morgon paa med Livsens Leik og
vera med i den, og gjera kvar sitt til at Leiken kann
bli god; daa vert Dagane heller for stutte enn for lange.

275

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0279.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free