Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og Innhald vert der i den aalvorsame Leik.
Paa Hove er alt i Stand no. Det unge Folke er
inn-flutt; og dei ser greide ut baade Mannen og Kona. Einar
er ein stillfarande stød Kar som veit kva han vil; og
ho Ragnhild, Kona, eit staut og vent Kvende fraa
Holme-land i Nes-Sokni, er ei ferm ung Gardkjering; dei klarar
seg nok, dei tvo.
Eit lite Heimkome-Lag heldt dei igaar; der var «me
Drengjene» au med, eg so vel som Husbonden, hev vori.
Og eit gildt Lag var det. Høgsæt-Gjesten var Enkja
fraa Bø, Syster aat den gamle og Mor til den nye
Höve-Mannen. Det er ei vyrdsleg Kone, langt upp i Aari men
godt ved Magt; Baard, Son sin, hadde ho med seg. Og
so var Jens Eide, Lensmannen, med; dertil Grannane
paa Garden.
Daa me hadde gjort oss kjende med kvarandre og var
komne til Bords, gleid Samrøda inn paa dei gamle Minni
fraa Hove. Han Trond der nord kunde fortelja ymist
etter Farfar sin um han Gamle-Gunnar og endaa lenger
upp, og um Bygde Tilstand i dei Tidir; det eg serleg
lagde Merke til var, at dei gamle hadde vori so lite
glade i 1814; «fyrr hadde me vaare eigne Kongar,» sa
dei, «men daa kom me under Sverig». Og ikkje minst
høyrde me Ungfolke etter, daa Paal og Syster hans kom
inn-paa si Barndoms og Ungdoms Tid. Ymist som fyrr
hev vori Skodde for meg vart uppklaara no; Soga hans
Enok Höve høyrer ikkje til deim som Folke kann fortelja.
Serskilt glade Barndomsdagar hev Borni hans Enok
ikkje havt. «Men Barndomen minnest ein gjerne, korleis
han er,» sagde Enkja; «det er so vel stelt, at Borni liver
sitt Liv; og dei kann liva det mest for seg sjølve, naar
so maa vera; det tunge og myrke fær ikkje Tak paa oss
i dei Aari.» «Og i Ungdomen vert det so mykje anna aa
tenkje paa,» lagde Jens til; «etterkvart legg daa Minne
276
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>