- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
277

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg svalande og sonande yvi jamvel dei djupaste Saari.»
«Born og Ungdom veit,» sagde Paal, «at etter Strid
kjem Kvile og etter vondt godt; jamvel det tyngste ber
me i dei Aari lett; me veit, at Gud er Faderen.»

Mest fortalde Enkja um Mor deira, ho Anna Hove.
Endaa det skulde ikkje vera mykje aa fortelja etter
henne; stilt livde ho og gløymd er ho. Men det hev vori
ei av dei gode gamle, dette, ei av deim som kunde bera
tunge Dagar med rolegt Mod; no for Tidi plar me skrike
upp for mindre enn det ho hadde aa staa i. Um Far sin
hev Paal fyrr fortalt meg eitt og anna som viser, at det
ikkje hev vori berre Sjukdom som braut den Mannen
ned; det same fekk han no fram endaa klaarare. «Men,»
lagde han til, «naar Fagnadböde hev vorti eit Rædslebod
som skræmer Folk ut i Ørske og Daude, so er me vel
komne so langt burt fraa Jesus som komande er.»

Sidan fortalde Paal fraa si eigi Gardmanns-Tid. Og
han fortalde Grunnen til at han laut selja. «Eg trudde
eg aatte Jordi; og so var det meir og meir Jordi som
aatte meg; det vart daa berre ei Raad. Hadde eg sétt
det eg no ser: at Jord-Eiging er Tull, so at i Røyndi
var eg ikkje Jordeigar, men berre Jordbrukar for Ætti
mi, so hadde eg greidt meg, trur eg. Den Jordi eg hadde
for mykje kunde eg selt; men Ætteheimen skulde eg
haldi uppe; daa hadde eg visst au vori frelst fraa mitt
eigi Livs Ulykke... ja eg maa minnast Helga i Kveld.
Men eg fekk ikkje Tak paa dette i den Tidi; og det
verste av alt vondt hende. No fær eg vera glad, at det
som læt seg rette rettar seg. Og Einar er sterkare
enn eg; han trur ikkje Jordi skal faa for mykje Magt
med honom.»

«Det er andre Tidir no, Morbror,» sagde Einar. «Ein
sit ikkje paa si Tuve trygg som dei gjorde fyrr; det
spyrst berre um ein kann klara seg so vidt at ein heng;

18 — Garborg V.

277

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0281.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free