- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
278

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og daa gror ein ikkje fast til Jordi paa den Maaten som
De meiner.» «Altfor lett losnar Folk ifraa Jordi no,»
svara Paal; «og det er likso gali.» «Det er nok helst
verre,» sagde Lensmannen.

Minne um Gunnar kom upp; «det er vondt,» sagde
Paal, «at han ikkje skulde faa vera med i kveld. Men
sitt Odelsmanns Verk fekk han gjort; det er honom
me mest kann takke for, at Ætti fær att Heimen sin.
Og det takkar ikkje minst eg han fyri; di eldre me vert,
di meir skynar me kva Heim er; heimlaus Mann er
rotlaus. Det hadde han Gunnar au lært.»

Um Live paa Garden i seinare Tidir fortalde
Grannane mest; og Enkja og dei unge hadde mangt aa
spyrja um. Bygde Høve og Tilstand vilde ikkje minst
Ragnhild hava Greide paa. Ho hadde høyrt ymist um
dei vakte her sør-etter; var det ikkje so, at Folke i desse
Bygdelag tok Verdi svært tungt? Lensmannen og Paal
lempa og forklaara det beste dei kunde. Men at slike
«gudsjuke» Tidir fører mykje uhugsamt med seg, det
læt seg ikkje neite; og det vedgjekk dei. Han Trond,
den eine av Grannane, og serskilt Kona hans, er elles
vakte, so det galdt aa vega Ordi vel; det gjorde dei au.
Paal trøysta Ragnhild med, at Folk tok til aa høyre
meir paa Meistaren sjølv no. «Og det ljosnar der han
fær Magti; for han lærer oss at me skal ikkje døme.»

«Det er ventande,» sagde Jens, «at i laake Tidir tek
Folk det tungt; men Tidine lettnar, trur eg. Og daa
veks Arbeidshugen; og den driv mange Sutir burt.»
«Velstand er ei god Raad mot alt vondt,» sagde Baard;
han drog paa Smilen.

Daa tok Trond og Kona hans til aa murre so smaatt.
Men Jens lempa Røda inn paa meir verdslege Ting; og
det hjelpte.

«Det tek til aa besna med Tidine att, ja,» sagde han;

278

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0282.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free