Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«det verste no er snart-sagt denne Naudi paa
Arbeidsfolk. Men det vert ei Raad med det au, maa ein tru.
Inn-paa By-Stykki tek dei meir og meir til med
Jordbruksmaskinar; og det gjeng so godt at Folk alle Stader
kjem til aa taka etter. Dei vert so billege og lettvinne,
desse Maskinane, at snart kven som helst kann faa deim
og brüka deim; og dei smaae Gardane kann slaa seg i
Lag um deim; so vert dei au hjelpte. Og lærer dertil
det som me norske mest treng um aa lære: Samhald
og Samarbeid. Eg lika ikkje desse Maskinane fyrr;
men no trur eg me kann vente oss mykje Hjelp av deim.»
«Som det no er stelt,» sagde Paal, «dreg Maskinbruke
inn-paa den Vegen som ein Gong maa føre til
Herregardar og Arbeidstrældom; og det er ikkje godt. Men
alt hev si Tid; og me fær tru at me slepp fraa det paa ei
Vis.» Baard og Einar meinte at det fekk bera kva Veg
det kunde; Maskinar laut ein hava naar her ikkje var
Folk. Dette vart me samstelte um; «det som maa til,
det maa til,» sa Ragnhild.
Fraa Bygdevilkaar bar det inn-paa Lands-Tilstand;
sterke Ord fall det her. «Det er denne endelause
Politiken som legg allting øyde,» sa Einar; «skulde det ikkje
snart kunna bli ein Ende paa den?» «Me fær tru det,»
svara Lensmannen; men det er visst ikkje verdt aa vente
paa det; me fær berre sjaa aa faa Arbeide til aa vera
det fyrste.» «Ja kunde ein faa Folk til aa skyna det!»
«Me fær slaa Politiken fraa oss alle som kann,» meinte
Baard. «Det vil nok turvast. For med Skam aa segja
so er Sanningi den, at me hev ikkje noko Jordbruk enno.
Me hev livt av Sjøen og Skogen og Fjellbeiti; det meste
av Jordi ligg der. Berre Tiandeparten av vaare tjuge
Millionar Maal er skikkeleg i Bruk; dei aatte
Tiande-partane ligg reint udyrka. Jordi læt me liggje og gro
yvi med Myrgras og Lyng; men 20—30 000 av vaare
279
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>