Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
beste Arbeidsfolk sender me kvart Aar til Amerika. Og
kor mange det er som rømer til Byane maa Vaarherre
vita. Og ei veksande Mengd av Folke hev Fatighjelp.
Skuldi vaar nemner me ikkje, helst; Riksskuld og
Heradsskuld og Gardsskuld kappveks. Ein og annan
Pengemann paa den eine Sida og ein veksande Hér av
Fant paa den andre, det er det me kallar Framgang;
kva Veg det skal bera er ikkje godt aa sjaa.»
«Stend det so smaatt til,» spurde fleire av oss.
«So smaatt stend det til,» svara Baard. «Men anna
enn Politikk vert det ikkje; Folk gjeng og drøser um
Svensken, og les Blad, og held Folkemøte og
Ungdoms-møte og syng Ja vi elsker; men nemner nokon Jord og
Arbeid og Velstand som maa vera Grunnen under alt,
so slær Folk seg til Ro med Drøyming um Statshjelp.»
«Me fær nok berre vera glade me hev Amerika,» sagde
han Svein der aust. «Her vert det kje anna enn Fant
kor mykje me slit; men der greider dei fleste seg, og det
reint godt. Eg hev alt tvo av mine der burte, eg for min
Part; og eg skulde ynskje me var i Amerika heile Huse;
det er mykje betre Jord aa faa der enn her paa rimelege
Vilkaar. Og frie er Folk der burte; hev korkje
Embætts-herrar eller Svenskar aa dragast med; og ikkje tarv
dei gaa si beste Tid burt med Eksis heller. So me fær
nok takke til at me hev Amerika, me Smaafolk daa.»
Han Trond nikka. «No talar Folke,» smilte
Lensmannen.
«Ja so talar Folke,» sagde Baard; «og kven kann
undrast paa det?»
«Du hev Rett, Svein,» tok Paal fram-i; «naar Vegane
stengjest heime, so trengst det Veg ut. Men det er ille
for oss, at so mange søkjer burt; og Skam er det, at me
dyrkar upp Amerika men læt vaare eigne Myrar liggje.
Du kan aldri segja for sterke Ord um det, Baard.
280
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>