- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
282

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Baard smilte: «De ser fram-yvi, De Morbror. Men
Vilkaari er som dei er. Enno hev me ikkje lært mykje;
og minst veit me um vaare eigne Vilkaar, som De sagde;
ein maa hava rett stor Vidd her enno. skal ein klara
seg. Og aa faa Jordi i Magt, det kostar; baade Arbeid
og Tid og Skillingar kostar det. Men det som aukar
fort, det er Kravi; Krav, Prisar, Utgiftir. Pengar,
Pengar, Pengar maa til; Rentur og Skattar og Skattar og
Rentur maa ein tenkje paa jamt; det lyt heller gaa som
det kann med det Live ein sjølv skulde liva.» «Det er
Tevling og Kappsprang i Jordbruk som i Verksdrift og
Handel, Morbror,» sagde Einar; «at ein skal liva av
Jordi er snart det minste no; det er so mykje anna som
vert kravt av ho.» «Altfor sant er det,» svara Paal;
«Mammon legg Jordi under seg som alt anna. Men me
skal halde Mammon fraa oss det beste me kann; stelle
oss so at me ikkje vert berre Trælar.»

Eg fekk Lensmannen inn paa den amerikanske Tanken
hans; Paal hev sagt eitt og anna um den som hev gjort
meg forviten. «Etter den,» sagde eg, «skulde baade
Jord-spursmaale og andre Grunnspursmaal vera løyste, naar
me fekk ein Skatt paa Jordi so vidt stor, at det ikkje
lønde seg for Herrar og Spekulantar aa «sitja ho burt»
lenger; kannhende er det den som skal frelsa oss?»
Jens svara, at me kom visst til aa tenkje paa det
etterkvart. «Fær me ein slik Skatt,» sa han, «so vil ingin
sitja med meir Jord enn han brukar; og daa vert det
Jord aat alle som treng. Dei tjuge Millionane Maal Jord
som no ligg burtbundne, dei fekk me au upp daa
etterkvart, skulde du sjaa, Baard.» Det vart eit heilt
Ordskifte um dette; og Jens sagde mykje som eg fekk Mod
av. For Bonden vilde Jordskatten ikkje bli tung. «Han
korkje skal eller tarv vera større enn at Jordi med
rime-legt Bruk lett bér han; berre for unytta Jord vert han

282

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0286.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free