Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tung; og det er det han skal vera.» «Men Jordi vert
Samfundseign ?» spurde Baard. «Jordi vert mi og di,»
svara Jens; «men ho skal liggje under Samfundslov og
ikkje vera Spekulasjonsvare.» «Ein vil ikkje kunna laane
paa Jordi daa?» «Nei; men so sit ein au paa si Tuve
trygg; og det vil vera noko anna enn aa vera
Bank-træl.»
«Med Tidi kjem Tanken upp,» heldt Jens fram;
«etterkvart som Jordverde stig, vert det meir og meir
urime-legt aa leggje Skatt baade til Samfunde og til
Grunn-herrane. Og noko med det beste ved Tanken er, at han
vil gjera Arbeide skattefritt. Jord som ved
Samfunds-vilkaar fær Ser-Verde, som By-grunnar, og Grunnar for
Verksdrift, like eins Grunn ved Hamner, frametter
Vegar og Banur, og i tettgrendte Bygdir, — det er den
som kjem til aa bera Samfundsutgiftine; i Røyndi ber
daa Samfunde sine Utgifter sjølv, som ein annan ærleg
Mann. Men kvart Menneskje vil heilt og fritt raade yvi
alt det han tenar med sitt Arbeid.» «Skattane vert ikkje
Arbeidsstraff lenger,» skaut Paal inn. Jens smilte: «so
kann ein au segja.» Paal heldt fram: «han bér paa rett
Leid, denne Tanken; og kann han greide
Samfunds-floken utan Krut og Dynamit, so vil det au vera ein
god Ting.» —
— Etter Maten og «Røykjekvila» var me ute ein Sving
og saag paa Hus og Buskap og Stell; og huglege Ord
fall um, at Garden var komin godt i Drift no. «Eg hev
havt god Hjelp au,» sagde Paal; «og det vil eg segja,
at du Haavard vert betre Gardmann enn ventande
skulde vera av ein Skulemeistar.» «Det er nok Styraren
som fær taka Æra for Styringi,» meinte eg; «men elles
lærer me etterkvart, me Skulemeistrar au; den verste
Seminarist-Tidi er alt yvistridd.» «Som vel er ja,»
sagde Lensmannen; «det kjem fleire og fleire fraa
283
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>