- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
284

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lærarskulane no, som hev gløymt korkje Heime Skikk
eller Heime Maal. Me skal sjaa, at Heim og Skule kjem
i Samarbeid att; og daa vil mangt laga seg.»

Ei hyggjeleg Kaffistund kom; det var Kvinnfolki daa,
som helst førde Orde. Og dei rødde um alle Ting i eitt,
men mest um Husstell; den unge hadde mangt aa spyr ja
um, og dei gamle, serleg Enkja, visste mykje;
inn-imillom kom Mannfolki med Lentur og Skjemt.

Sidan var det den endelause Politiken. Det eg hugsar
av den er, at han Svein der aust rødde um «Krigen med
Sverig»; var det so at me skulde faa den, tru? «Me
maa nok kje tru so gali,» svara Lensmannen. «Det vert
daa meir og meir Utgiftir til Hérstelle,» knurra Trond.
«Og meir og meir av den beste Arbeidstidi gjeng burt
til Eksis,» heldt Svein fram; «og slikt kann ikkje spaa
godt, det eg trur.» «Det er ille med den Eksisen,» sagde
Jens; «men det er det, veit du, at vil ein hava Fred, so
maa ein vera budd paa Ufred.» «Ja at ikkje Vaarherre
kann hava ei Raad med denne Ufreden!» sukka Kona
hans Svein. «Aa, det er all denne Syndi som maa hava
si Straff,» sukka Kona hans Trond. «Ja du kann so
segja, Malli,» sagde Lensmannen.

«Vaarherre vil at Folk skal lære aa halde Fred sjølve,»
tok Paal fram-i; «og ein Gong lærer dei vel. Me
Smaa-folk fær stole paa, at det er i Verdi som i Ulvestogo: um
Skrubben lurer paa Sauen, so lurer Gaupa paa Skrubben
att, og Reven paa Gaupa og Bjørnen paa Reven; og so
tor ingen glefse til; dermed fær Sauen Fred til so lengi;
men jamenn trengst det at han hev godt Tolmod.»

«Folk maa vel lære aa rekne ein Gong,» meinte eg,
«so dei ser at Krig ikkje løner seg, korkje for Vinnar
eller Tapar?» — «Det kjenner kvar seg,» smilte Jens.
«Det er som eit Fantebøle: den eine kann ikkje tru den
andre, og so maa kvar for seg tru paa Kniven.» —

284

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0288.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free