Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Det er den villaste Daarekista Verdi hev set,» sagde
Paal; «i Staden for aa liva av det me avlar legg me det
burt i Vaapn og svelt. Mykje betre var det fyrr, daa
Verdi hadde ei Stormagt um Gongen; no hev me fire
Stormagtir jamsides kvarandre, og so vert det
Ulve-stogu.» «Vert det kje Raad fyrr, so vert det vel naar
me lærer aa f ljuge,» lo Baard. «Naar ein Mann kann
øyde ein heil By med ei Bombe som han slepper ned som
ein Elding or Sky, so vert Folk rædde og lagar
sambundne Statar yvi all Verdi.» «Um det elles ikkje vert
til det, at dei finn Raad med aa sprengje heile Kloten
i Lufti,» sagde Jens; «daa var alt med ein Gong
avgjort.» «Hu!» skreik Kvinnfolki; me Mannfolk lo.
Men han Svein sat med eit Spursmaal som han vilde
hava fram koss det gjekk: «kann det vera verdt aa
halde paa med dette Svenskestaake for nokre Konsular
eller kva det er ?» Og han heldt fram; kom sistpaa med
det, som vel i Grunnen ligg under hjaa Folke mest all
Stad: «me vart ikkje verre farne under Svensken enn
me er under dei Herrane me hev no; Skattane kunde daa
visst ikkje bli større; og so slapp me det meste av
Politiken og Eksisen og fekk Arbeidsro att; ja so høyrer
eg daa mange meiner.»
Paal lo. «Politiken slapp me, Svein; det er sant. Men
Eksis fekk me meir av og ikkje mindre; for Storebror
hev ein endaa større Storebror austanum seg att; og
mot honom er det han vil hava Studnad av Veslebror,
maa-tru.
«Men elles hev du Rett, Svein,» heldt Paal fram; «so
lengi Mammon raader er Fridomen berre
Syttandemai-Stas; og um Keisaren hev heime i Rom eller Babylon,
det gjer ikkje stort fraa eller til.»
«No er du strid, Paal,» smilte Jens. «Berre
Syttande-mai-Stas er Fridomen vaar ikkje; me er daa frie ein
285
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>