- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
286

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dag tridjekvart Aar! Og du, Svein, du er au strid.
Kom me under Svensken, so fekk me Grevar og Baronar
yvi oss som den svenske Bonden; og dei er visst endaa
verre enn vaare Futar og Skrivarar. Me fær tru, at det
svenske Folke ein Gong vert likso burtimot fritt som
det norske; daa skipar Folki Samfeste sjølve; og det
vert der Meining i. For Fred vil Folke hava, anten det
bur austan eller vestan-um Kjølen.»

Um dette samdest me; og Svein tagna.

— Mangt og mykje var me inne paa fram-etter
Kvelden, mest Bygdesogur og «ymist»; men eitt stort Emne
kom upp: dette som dei kallar Kvinne-Saki. Det var
den unge Kona som fekk den fram; «me fær tenkje paa
Retten vaar, me Landskvende og,» sagde ho; «det gjeng
ikkje alltid som det skal her heller.» «Det vert nok
lengi fyrr alt gjeng som det skal,» sagde Trond; «men
tru det er ikkje betre at Mann og Kvende hjelpest aat
som dei hev gjort, enn at dei skal til aa dragast og
stridast, dei au?» «Dei held best ihop,» meinte
Ragnhild, «naar alt er greidt og klaart millom deim.»

«Ja alt som læt seg greide maa vera greidt,» sagde
Paal; «nok av ugreidt vert her endaa. Og kvar den Ting
som ikkje er greidd kann naarsomhelst gjera Ugreide.»
«Ja er det kje sant?» ropa Ragnhild; ho hadde knapt
venta Hjelp fraa den Kanten i den Sak. «Der kann vera
noko i det,» svara Enkja; ho smilte. «Var me so vise
som me vil vera, me Mannfolk,» heldt Paal fram, «so
gav me Syster vaar jamgod Rett med oss fyrr ho bad
um det; so vart det ingin Strid. Men i sjølve Ægteskape
kann Kjærleiksböde bli gløymt; altfor ofte er det berre
seg sjølv ein elskar i den andre.» «Det er visst best,»
meinte Trond, «aa halde seg til det Bode som den høgste
Lovgjevaren gav, at Kvinna skal vera Mannen
under-gjevi.» «Ja han visste det best,» sukka Kona hans.

286

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0290.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free