Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
33 EIN FRITENKJAR
tenkte han, „er eg rettlaus i dette Lande. Eg er
utlæg . . . fredlaus som Kain . . . kvar som finn meg
kann slaa meg ihel. Kor kunde no eg tenkje paa
Kjærleik og Livsglede? — Slikt er berre for dei som
høyrer med i Flokken." Han kjøvde ned ein Sukk;
det høyrdest som han svelgde Graaten.
Ragna undrast paa at han vart so tagall. Hadde ho
sagt noko uvitugt? Hadde han trutt at ho ikkje vilde
høyre Tale um Kjærleik? — — det sveiv rundt for
henne. Ho vart oversleg rædd. Ho vilde gjerne gjera
det godt att. Det galdt Live . . .
— „Frøken," sagde Hauk med eit kaldt, underlegt
Mæle. Ho skalv. „De fær prøve aa . . . ikkje undrast
paa meg. Eg er . . . under serlege Vilkaar ... eg
hev vori tankelaus ... og eg kann ikkje forklaare meg.
Eg er slik stadd at eg . . . berre hev ein Ting aa
segja Dykk no ... og det er Farvel. Kva De tenkjer
veit eg ikkje; De skal heller ikkje vita kva eg tenkjer
. . . men ver sæl! sælare enn eg. Farvel, Frøken!
Gløym denne Kvelden. Takk for dei Stundine me
hev vori i Lag. Eg maa reise i Morgo; kannhende
ser eg Dykk ikkje fyrr eg fer. Farvel!"
Dei var heime. Han sprang upp paa Kammerse og
slengde seg i Sofaen. Kaldt og aalvorsamt tenkte han
igjenom alt. „Ja ja," sagde han og reiste seg, „her
er ikkje Raad. Eg maa segja Farvel. Og no kann eg
vera sterk. No hev eg ikkje meir aa tapa."
Han gjorde seg hard og gjekk ned i Stogo;
Prestefrua kvakk, daa ho saag kor bleik han var. Var han
sjuk? — „Nei," svara han. „Det er berre so vondt,
at al Joletid so snart fær Ende."
Morgonen etter reiste Hauk. Presten var leid for
dette, ja mest vond. „Kann du ikkje halde ut her?"
sagde han, berre halvt skjemtande. „Hm—aa," svara
Hauk, „her er ikkje fritt for aa teva av Inkvisisjon her
i Huse i denne Tid." „Inkvisisjon?" spurde Presten
saara. „Ja eg tenkjer paa den Guds Mann Kapellanen,"
3 - Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>